torsdag 5. desember 2013

Stille inn




du kom som eit stille sus
- utan fyrverkeri, saluttar
fanfarar med klem i
og store talar
som lova ditt store talent
eller korps som marsjerte
nesten i takt
og ordføraren klipte av snora
medan journalistar sloss
om å stå fremst
og få filme det første skriket
og alle klappa i hendene og jubla
for endeleg,
endeleg er du her!

nei, du kom som eit stille sus,
som ein bekk under torva
der alle går
og ingen sansar

du kom som den minste fuglen,
sette deg på ei svak lita grein
og byrja å syngje

songen breia seg ut
og den kling no i hjartet
som ein stille melodi
frå eit hav eg ikkje forstår

og eg tenkjer
det var godt du kom som du gjorde
for songen hadde elles blitt borte,
sortert vekk i fryktfilteret
og eg ville aldri trudd
at du kunne bry deg, verkeleg bry deg
om meg


4 kommentarer:

  1. Takk for kommentar inne hos meg Englepappa! Ja, det er dobbel venting - og spesielt at nå er det slik som det skulle ha vært i fjor. Da skulle vi også ventet, men slik gikk det jo ikke. Så det er en spesiell tid.

    Ønsker også deg og dine en fredfylt og deilig adventstid og jul.



    SvarSlett
  2. Wonderful photo!Have a nice weekend.

    SvarSlett
  3. Orda dine, Englepappa, treffer meg "midt i planeten". Ikke stille, men med solid kraft. TAKK!
    Og fin førjulshelg ønskes deg.

    SvarSlett