onsdag 18. desember 2013

Steintøff



Som forhistoriske flodhestar
kjem overskjærssteinane siglande
med ein ro
ingen kan knuse
og mumlar sine stille ord, stille tankar
mot eit vatn som alltid lyttar,
alltid gir rom for dei som ikkje gjer seg til,
men berre er

Det er vi andre, vi som gøymer oss
bak steintøffe masker,
og gjerne utfordrar høgt og lågt
til ein kappestrid vi ikkje anar rekkevidda av,
vi som snakkar så fort
at verken vatn eller stein kan følgje med –
det er vi som ofte møter vrangsida
av alle ting
og må gje tapt
i møte med molekyl som har tid


6 kommentarer:

  1. Stentufft inlägg! Vilken bra text!

    SvarSlett
  2. Livet kan vara stentufft! Ibland gör vi det så ...
    Gillar dina stentuffa sjödekorationer ;)

    SvarSlett
  3. Vilket fint inlägg till temat. Gillar det.

    SvarSlett
  4. Härligt inlägg - som vanligt....

    SvarSlett