mandag 30. desember 2013

Ny bølgje mot land


Året synk, krympar seg
som eit troll i møte med sollyset –
No møter det enden,
alle tings mål
- timeglaset renn snart ut –

Eg sit ved fjorden,
ser dei små bølgjene som nærmar seg land,
der dei vert knuste mot fjøresteinane
og forsvinn – alle spor vert viska ut
og til slutt forsvinn minnet,
eg klarar ikkje hugse den eine bølgja
frå den andre –

Der ute kjem dei, på rekke og rad,
og ei ny er på veg
der den gamle no kryp saman
og knuser mot land –

6 kommentarer:

  1. Et flott vinterbilde fra sjøkanten!
    Du er flink med diktene dine!
    Ønsker deg et godt nytt år!

    SvarSlett
  2. Velsigna godt nytt år!
    Takk for at du deler :-)

    SvarSlett
  3. beautiful image...i would imagine the water will be frozen soon

    SvarSlett
  4. Wishing you a Happy New Year!

    SvarSlett