onsdag 11. desember 2013

Natt på marka




Det er natt på marka,
sauer søv, gjetarar kviler
det er minuttet før –

Endå ligg marka i mørket,
endå søv sauene, endå kviler gjetarane
like før minuttet –

som vil endre liva deira
for alltid, minuttet
som vil snu opp ned på alt dei har kjent

rett før det mest avgjerande punktet,
det definerande augeblikket
som alt vil bli orientert etter – heretter

men fortsatt er natta mørk,
og sauene drøymer, gjetarane lengtar mot dag
og alt er like før, så nær, så nær –

2 kommentarer: