mandag 23. desember 2013

Jul i hjartet




Golvet er vaska, kakene baka
treet er pynta med kuler og band
Eg sit i ein sofa, les i ei bok
om noko som hendte – i framande land

Det var englar og hyrdar, sauar, eit esel
og to som var einsame, redde i natt
Dei bar på eit håp, dei kyssa eit barn,
sjølve handa til Gud kunne dei gripe fatt

I stova er stille – endå søv borna
og snøen ligg roleg i skogen
Eg faldar to hender, eg formar to ord
“kom inn”, for hjartet er mogen

2 kommentarer:

  1. Vakkert skrevet! Innom for å ønske deg og dine en velsignet julehøytid. Håper den blir riktig så fin, med senkede skuldre, fred og latter og glede :) Klem, Spirea

    SvarSlett
  2. Takk for fine innlegg her inne med deg. Ynskjer deg og dine ei fredfull julehøgti. Marieklem

    SvarSlett