søndag 8. desember 2013

Himmelmøte #2




eg går gjennom tomme gater
i den grå byen,
gatene er dekte av eit lag slaps
eg kjenner vatnet trekkje oppover buksene
og tærne er kalde

eg knyter hendene hardt saman
inni lommene på jakka,
og prøver å komme borti så lite som mogleg
av den skarpe lufta

rundt meg hastar menneske att og fram,
med handleposar, dokumentmapper,
blikk på klokka, blikk i vindauga
blikk innover i seg sjølv

byen er grå
dagen er grå
vi treng eit lys

kan nokon skaffe oss eit lys – noko vi kan strekkje oss mot
og samle oss, i varmen



2 kommentarer:

  1. Det er nok mange som kjenner seg igjen i det du her skriver... God adventssøndag til deg - med mye lys og varme! :-)

    SvarSlett
  2. I need the light too, but in my household tend never to light the Advent candles. I look forward to a period when the days begin to lengthen.

    SvarSlett