lørdag 7. desember 2013

Himmelmøte #1




her møter himmelen jorda –
eit punkt i historia
midt på tidslinja i boka mi,
nærast eit krasjpunkt
mellom mine blyantstrekar
og det ufattelege
det vi ikkje klarar forklare

og heile linja skjelv
av etterverknadane – ein skala
som ikkje kan romme dette nye

linja rivnar –
eg må starte på ny
og teikne alt heilt annleis

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar