lørdag 7. desember 2013

Gode gamle sola

Fototriss #242: Noko som er gamalt og slitt. Eg fokuserar på gamalt...



1
Ein gong vart du tent –
den første fusjonen
vart knipsa i gong
for så mange år sidan
at det for oss er umogleg
å fatte (utan å få eit snev av angst)

og hydrogena fortset å smelte saman
og smelte saman og smelte saman
i eit tempo umogleg å sjå for seg

likevel er det nok
seier dei
til nokre milliardar av år endå –

kor stort er eigentleg
1,3 millionar jordklodar,
viss nokon kunne forklare
meg det?




2
Og jorda snurrar mot æva,
i sin runddans rundt sola
og seg sjølv,
med eit mål i sikte: lausriving

men endå er sola for stor,
og farten for liten
til å stoppe rundgangen

og glad er eg
for det –

eg har på ein måte vant meg til
at sola, og eg
står opp i lag kvar morgon –





3
For 499 sekund sidan
fauk fotona eg ser av garde
i sine rette, bølgja partikkelrørsler
på veg mot det store universet

Ingen har tal på strålane
varmen eller energien,
men sidan vi veit
at sola har
12 000 gongar så stor overflate
som jorda …
… er det fortsatt umogleg
å førestille seg talet

men at det er høgt
det forstår vi

og sidan jorda er ein liten prikk
langt der ute
(sett frå sola)
er det ein veldig liten prosentdel
som faktisk treff
vår klode

Likevel er det nok
til å varme kalde hender
og nok til å smelte isen
og nok til å skape maten
på frukostbordet mitt

og eg tenkjer –
kor stor må ikkje den vere
som kan knipse i gong
noko slikt?

10 kommentarer:

  1. Very nice with the snow, something I'm unlikely to get round here

    SvarSlett
  2. Fantastiskt vackert! Sista bilden blir min favorit :)
    http://foto.rudenius.se/

    SvarSlett
  3. Sista bilden är så vacker och där har du ju även en gammal och sliten grind!

    SvarSlett
  4. En som tänkt lite annorlunda... Uppskattas!!

    SvarSlett
  5. Nydelig bildeserie med flott tekst.
    Ha en fortsatt fin søndag

    SvarSlett
  6. Poetisk och mycket vacker triss!

    SvarSlett
  7. Det var en tjusig tolkning av trisstemat. Fina bilder.

    SvarSlett
  8. Mycket vackra vinterbilder och så fin text du är duktig på det,
    Ha en fin dag
    Kram Meta

    SvarSlett
  9. Nice prose to go with gorgeous photos♪ Have a wonder filled week! http://lauriekazmierczak.com/snow-sparkles/

    SvarSlett