lørdag 28. desember 2013

Geometri


Alt har sine eigne strekar, eigne
former, sirklar
og avstandar til kvarandre, alt
kan målast, vegast, setjast inn i ein formel -
viss ein berre tek seg tid,
og lagar avanserte 
nok
likningar der verda vert skildra, eller omvendt
at naturen stiller opp geometrien
og så er det berre for oss å vandre inn i den, flyte saman
som ein del av det heile;

Vi kan begynne med galakse-
rotasjonane, planetbaner og stjernebaner,
satelittar i stille svev gjennom rommet,
eller i den andre enden
med elektrona som snurrar sine evindelige snurr
rundt atomkjernane
og held det heile geometrisk på plass -

Uansett kor eg startar eller endar
ser eg eit ekko av klasseromsgeometrien -
verda som eit teiknebreitt
der matematikaren har leika seg
med alle typar konstruksjonar, vinklar
og moglege vridningar og vendingar -

Og eg bøyer meg i støvet,
gøymer mine eigne puslete reknestrekar
litt flau
bak ryggen -


(The weekend in black and white. Bildet er uredigert, og teke beint ned i stålisen på fjorden her sist vinter!)

2 kommentarer: