fredag 6. desember 2013

Fuglen




eg såg kva eg såg
syng fuglen
den sit på den øvste greina

ein sporveflokk lyttar, med
vidopne nebb ut til tørk og
gapande auge mot fuglen

blikka vil flakke, fjørhamen skjelv
dei vil ikkje, kan ikkje
tru det er sant

eg såg kva eg såg, kvitrar fuglen,
ein konge i halm
og eg gav han ein song med på reisa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar