onsdag 4. desember 2013

Førjulsminne




som dei kveldane
vi gjekk frå dør til dør
og selte julehefter;
førti blad, tretti kroner,
fem kroner netto per blad;
og vi vagga oss fram,
gjennom slaps, gjennom snø
og det var greitt

kanskje var det tanken på løna
som bar oss, eller kanskje var det
tradisjonen, at det var noko vi gjorde
før jul
eller kanskje var det begge deler

i alle fall var eg skuffa, litt lei
det året eg sklei, forstua foten
og ikkje kunne vere med

for det høyrde verkeleg med
det gjorde det

3 kommentarer: