onsdag 11. desember 2013

Fantasifest



Vi lagar oss bilete
av korleis ting vil verte
korleis alt vil snu

når berre –
viss berre –
om eg og om du og om vi –

og så møter vi den verkelege verda
som slett ikkje alltid
rettar seg etter våre ynskjer

- ikkje alle festar er så festlege
ikkje alle reiser fører fram
ikkje alle dagar møter oss
med fanfarar og rosa ballongar –

for mange festar er grå, halvparten
av alle reiser fører
attende,
og dei fleste dagar
er som andre dagar –

men er det viktigare
enn nokon gong
å halde fast på bileta
av korleis alt vil verte …


#draumar

Som lærar er eg vitne til ganske mange draumar om framtida. Sidan vi bur i ei bygd, er det mange som drøymer om å flytte til byen - då skal alt bli mykje meir ... festleg! 

No er vi heldige og bur i eit land der akkurat kor du bur ikkje har så mykje å seie. Sjansane til utdanning og jobb er stor nesten kor ein ynskjer å bu. 

Eg har undervist ein del om urbanisering, og korleis ungdom i mange fattige land ofte drøymer dei same draumane som dei - om å flytte til byen og starte eit nytt og betre liv der. Dessverre er det ikkje alle byar og land som kan tilby sine ungdomar det same som vi - og slummane veks dag for dag. 

Draumar er viktige. Men også takksemd. 

(Biletet er Stavanger by night, sett frå ei ferje som køyrer ... frå ... eller til!)

7 kommentarer:

  1. "Sikta mot stjärnorna ..."
    Vemodig stämning i bilden tillsammans med dina, ack så sanna, ord!

    SvarSlett
  2. Flot billede og flotte ord, tænksomt :-)

    http://mitblogunivers.birgittefrostholm.dk/2013/12/11/onsdagstema-191/

    SvarSlett
  3. Her finner jeg alltid fred og ro. Gode ord til ettertanke! Så sant du sier det!
    -Margit-

    SvarSlett
  4. Vackra ord och viktiga tankar! Vi ska vara tacksamma för det vi har, även om alla dagar inte är så festliga!

    SvarSlett
  5. Lovely calming colors♪ Have a wonder filled week! http://lauriekazmierczak.com/night-pixels/

    SvarSlett
  6. Intriguing image!!! I have seen so many landscapes like this, and yet this is unique!!!

    SvarSlett
  7. Beautiful! I love all the blues, and the dots of light in the distance.

    SvarSlett