torsdag 19. desember 2013

Ein stråle




eg set stjerna på toppen av treet
let den spreie sitt lys utover stova
saman med alle julelysa
som brenn sine stille flammar i vinternatta

ein einsleg stråle finn vegen
frå stjerna – til meg
borar seg veg inn til hjartet
skriv sitt bodskap med gullskrift

det var ikkje dette du ville gjort
det var ikkje dette du tenkte
det var ikkje dette du ynskte –
men det var akkurat dette
du trong

barnet i krybba smiler til meg
det svarte i meg krympar
gullskrifta lyser
det er dette, akkurat dette, eg treng


1 kommentar:

  1. Så fint!
    Du har øyne for detaljer og en kjempefin blogg!

    SvarSlett