fredag 20. desember 2013

Ein stad i tida





kvifor Betlehem, av alle byar
eit lite krypinn, ei klynge med hus –
vi har då så mange av dei!

kva med Loen, eller Utvik,
Ulvik,  eller Bokn?
kunne ikkje desse vore like bra?

ein liten stad, ein gong i tida –
og du visste nok kva du gjorde
for her sit eg og veit – eg kjenner historia

det er ikkje sikkert vi hadde fått vite
slike detaljar frå ein stall
mellom høge fjell og djupe fjordar på vestlandet…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar