torsdag 12. desember 2013

Det er hjartet




det er hjartet som lengtar
etter noko større –
ein sjanse, eit jordsmonn
å trengje røtene nedi,
finne feste
i stormen i stilla
kunne vekse seg høgare
enn seg sjølv

det er hjartet som lengtar
etter næring
og håp

1 kommentar:

  1. Nydelig, både orda og bildet,

    Du har lagt ut mange finfine innlegg sidan sist eg var innom. Har du gitt ut bok ? Eg har lyst å kjøpe ei å ha i bokhylla mi :)

    God adventstid vidare!

    Marieklem

    SvarSlett