lørdag 14. desember 2013

By for ein konge




i natt søv du stille, uskuldig
som om ingenting hender, som om
jorda fortset å snurre
månen roterer, sola vil stå opp
og ingenting er blitt nytt

i natt søv du stille, barnleg,
eit slør er lagt over auga dine
så du ikkje ser, ikkje kjenner
at grunnen under deg ristar
og verda vil aldri meir
vere som før – etter i natt

for i natt, medan du søv
vert du gjesta av ein som er større
og mektigare – ein konge
i forkledning, han kjem som eit barn
og du, er du verdig dette besøket,
eller kanskje er heile poenget
at du slett ikkje er det –

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar