fredag 20. desember 2013

Anti-krig



eg er ein anti-krigs
romantiker,
eg har mange romantiske tankar
om det å ikkje dø
i krig –

men eg likar paintball!

og tenkjer – tenk om…
alle krigar blei førte med
malingskuler
- bang! du er treft
og får ein malingsflekk på jakka;
du kan reise heim til kone
barn og åker,
så ditt korn og drikke din vin

sistemann utan flekk på jakka
er den som kan lyfte hendene
og jublande innkassere…
kva det no enn var
dei kriga for –


6 kommentarer:

  1. Håller med, så borde krig föras! Själv gillar lag laserhallar, där är det oxå krig, men utan skador!

    SvarSlett
  2. Fascinating thoughts connecting paintball and war. Love the waving figure in the photo.

    SvarSlett
  3. Interesting thoughts, and a dramatic image.

    SvarSlett
  4. Bildet passer bra til tittelen :-)

    SvarSlett
  5. Interesting photo and thoughts! Thank you for this post!

    SvarSlett
  6. Fine photo. Paint ball sounds fun.

    SvarSlett