fredag 8. november 2013

Til tusen



Her vil eg låse dykk fast,
eit evig stillbilde
fresa inn på hjarteveggen

av tusen dagar
med omsorg, tusen dagar
med bekymring og rare tankar

om framtida, tusen gongar
repeterte framføringar av
Ingen er så trygg i fare

vandrande på stille sokkar
i eit mørkt rom, med ein skrikande baby
på skuldra og ein sliten far

med knekk i knea
og tusen ynskjer for alt
ein håpar vil skje i framtida, draumar

om gode dagar, kjærlege dagar, tusen
håp om nærleik og fjørlette samtalar
på plenen – over ein freesbee eller

under eit epletre, i stille forventing
om tusen fleire dagar saman, etterfulgt
av tusen til og tusen til og tusen til

og netter med søvn rett under overflata,
symjande i tusen draumar
om dykk

Eg ser dykk gå, side ved side, to draumar
med alle mine tusen tankar
på skuldrene

og eg tel til tusen, sakte baklengs
og håpar – inderleg og fåfengt –
at dette aldri skal ta slutt

- difor vil eg låse dykk fast, her, i hjartet,
som eit svar på tusen
av alle mine varme bøner – for dykk


16 kommentarer:

  1. Du berører med så med dine tekster. Nikker gjenkjennende til følelser en selv har følt på men aldri helt har klart å sette ord til Takk igjen fordi du deler, selv om en sitter her med litt klumpe i halsen av den vakre beskrivelsen.

    God helg ønskes herfra.

    SvarSlett
  2. I love this. Such a beautiful and tender moment captured.

    SvarSlett
  3. Such a lovely photo, and perfect lighting.

    SvarSlett
  4. En gave er det,- å kunne sette ord på tanker en selv tenker, men ikke greier å sette sammen til poesi som dette
    Berørende tekst og og godt illustrert!
    :)

    SvarSlett
  5. Herlig bilde, flott til temaet!

    SvarSlett
  6. Vilken härlig bild! Fina texter också!

    SvarSlett
  7. What a lovely shot, so simple and innocent.

    SvarSlett
  8. Love this a lot.
    http://www.homezweethome.info/2013/11/the-rest-of-tree.html

    SvarSlett
  9. Nydelig vakkert. Freste seg fast i hjerteveggen min også.
    God helg.

    SvarSlett
  10. Vakker bilde med flott tekst!
    Ha en flott helg

    SvarSlett
  11. Så gulligt litet par, tänker mig som ett foto från förr!

    SvarSlett
  12. Nydelig dikt og nydelig bilde :)

    SvarSlett