mandag 11. november 2013

Sjå, her sit eg



sjå, her sit eg
på ein stein i skogen,
veiftar med beina, vinkar
med hendene,
håpar du vil sjå –
eg er som eit tre,
det ser eg på skuggen, eg er som
eit majestetisk furutre
som står her, pal i ro
og berre ventar på at…
ja, kva ventar dei på?

eg ventar på deg,
at du skal komme svinsande forbi,
smile til meg
og dra meg med
ned frå denne kalde steinen
og ut i noko anna, noko med latter
og varme –
at du skal blåse liv i denne kalde furua,
så han slepp å sitje her
og finne ut –
kva tre faktisk ventar på

3 kommentarer:

  1. I love the shadows and the colours!!!

    SvarSlett
  2. Beautiful photo!
    Greetings, RW & SK

    SvarSlett
  3. Poetic photo...love it♪♫ http://lauriekazmierczak.com/out-the-window/

    SvarSlett