onsdag 20. november 2013

Så knips, då



berre tankane held oss fast
til denne veggen, denne tida

som har spikra opp alle oss
usikre, usynlege, kravsmå

menneske – i eit forsøk på å gli inn
glei vi vekk, forsvann

som dogg som aldri kom
eller som ein av alle solstrålane

som aldri treff noko
berre svirrar utover, stadig utover

i eit uendeleg univers
og veit

det er berre å knipse med fingrane
vakne, ynskje seg vekk

rive seg laus frå veggen
vi limte oss fast til den gongen

vi trudde det var så om å gjere
å vere noko – for andre


og veit – trass det
at så enkelt vil det aldri bli

for ting er ikkje som dei er,
dei er som vi ser dei for oss

og vi kan ikkje sjå oss for oss
nokon andre stadar enn her


det er så nær så nær
at nokon trykker på brytaren,

set lyset på veggen og løyser den opp
så nær – men det vil ikkje skje

vi må bryte oss laus sjølve
om og viss –


(NF Abstract)

6 kommentarer:

  1. det är spännande former du skapat. :)

    SvarSlett
  2. Flott illustrasjon til diktet!
    Herlig innlegg!

    SvarSlett
  3. I really like the spiral thing!! And the rest of the image seems to accentuate the spiral's control...

    SvarSlett
  4. Great abstract! Really interesting shapes and contrast. Very effective in b&w.

    SvarSlett
  5. Illusory abstract and paired words...Have a wonder filled week!

    SvarSlett