tirsdag 12. november 2013

Plattform



eg kan hugse ein haustferie,
kanskje i 88, eller 89
då ein kamerat skulle reise vekk
og vi fekk låne – heilt inn i stova!
ei nintendo-maskin
og kunne spele og spele og spele
heile ferien om vi ville
spele super mario bros
til auga vart pixelerte og
øyra høyrte plingelydar kvar gong vi såg
ein mynt

så var ferien over
og maskina vart levert tilbake,
ikkje-spel-kvardagen trådde inn att
for fullt

i dag er det eit minne –
den gongen eg hadde nintendo...

eg tvilar på at son min vil hugse
kva spel han spelte
i haustferien sin

han vil truleg hugse noko anna


(Onsdagstema. Bildet over er som de sikkert ser ikkje super mario bros... Det er frå ein annan speleplattform som heiter Superblink, og er mykje i bruk blant dei minste i heime her!)

5 kommentarer:

  1. Ha ha nostalgi - så fort det går med teknikutvecklingen :) http://foto.rudenius.se/?p=1325

    SvarSlett
  2. Super Mario Bros, det är minnen det. Nog det enda spel jag faktiskt klarar av. Det du visar på bilden känner jag dock inte igen :0)

    SvarSlett
  3. Hva er det med at alle generasjoner virker til å mene at alt var så mye bedre før.... så underlig i grunn, men er der jammen jeg også, noe som gjør at en føler en skikkelig voksen :-/ men hver generasjon hver sin sjarme sikkert. For meg med store tenåringer er den underlige tanken på å føle at en alltid må være online!!??? mentalt tilstede i en tlf hele tiden??? må være stressende, men.... det er nå meg :-)

    Superfin onsdag til deg.

    SvarSlett
  4. Heilt sant - fortidsnostalgien kan ta litt overhand! Prøvde å rette opp litt i det med siste linje i diktet. Om han ikkje vil hugse dataspela, så er det heilt sikkert noko anna han vil sjå tilbake på og tenkje: "ja, det var hausten 2013, det... fine tider..." :-)

    SvarSlett
  5. Jag minns min brors vic64 där vi spelade spel som fanns på floppydisc...

    SvarSlett