torsdag 21. november 2013

Lære om seg sjølv



når lærer ein mest
om seg sjølv?
aleine, på eit hotell
midt i ein stor by
med millionar av menneske
og tusen ting ein har drøymt om å sjå,
og så sit ein likevel aleine
på eit hotellrom
og skriv dikt om livet
sine buktningar og knausar

viss ein då legg ned pennen
og ser djupt inn i spegelen
inn – bakanfor eigne auge
då!
då er læringskurva like bratt
som hotellfasaden


(Torsdagstema. Det er kaldt ute. Det begynner å bli glatt på vegen. Snart kjem snøen (altså slapset) og regnet. Eg hadde ikkje hatt så mykje imot ein tur til ... Barcelona (for eksempel)...)

1 kommentar: