tirsdag 12. november 2013

Kveld, natt, morgon



1
tankane mjuknar, limar seg fast
i møte med mørket som kjem sigande
og varmen som langsamt glir vekk
som sand mellom fingrane

kvelden er tankar i djupna,
melankolske, ettertenksame bilete
som eit bindeledd
mellom ein hastig dag og
den tause natta


 


2
natta slettar ut alle spor
etter det som var,
viskar stille over mine tavler
så ikkje eit tal eller ein bokstav står att –
alle bevisa vert dekte
av eit slør, eit matt dekke
av gløymsle og håp om nye sjansar

natta er den nye starten,
snart gror den nye dagen fram i aust,
legg nyspissa blyantar,
ei blank og rein tavle og uskrivne ord
i hendene mine




3
eg går gjennom doggvått gras,
det er tåke og kjølig, lufta er våt

ikkje ein lyd kan høyrast,
naturen søv – eg er trøytt

og kjenner natta fortsatt har feste
i seige musklar, sener som ikkje vil lyde

det ligg eit skarpt drag av kulde over landskapet
og lukta av haust, av myr, av vaknande skog fyller nasa

det er morgon på fjellet
eg kjenner livet vende tilbake til verda

og noko anna, ei kjensle - ei glede
over sjansen til å møte endå ein dag


1 kommentar:

  1. Endå ein dag å vere takksam for...
    Ikkje alle som har det så godt!

    SvarSlett