tirsdag 19. november 2013

Ikkje gå



ikkje gå
ikkje la meg vere tilbake
naken, einsam og redd

ikkje gå
ikkje la spor vere alt eg har att
i ein vissen, avblada skog

ikkje gå
ser du ikkje frøa vi planta,
historia vår – den veks der vi trødde

ikkje gå
vi må berre stå her lenge nok
med auga i kvarandre

ikkje gå
snart dekker snøen alt det grå,
snart vil det grøne vekse i det kvite

ikkje gå

1 kommentar:

  1. Et vakkert dikt som kan tolkes på så mange måter, utrolig flott nok en gang!!

    Kjenner gåsehud på armene her og roper sammen med deg, ikke gåååå

    SvarSlett