torsdag 7. november 2013

Ideal og fakta



Idealet er å stå på kanten,
vippe med tærne, vere klar
til å hoppe –
like før, i sekunda før,
kjenne adrenalinet, kjenne spenninga
samstundes som grunnen er trygg
ei lita stund til
og eg har fortsatt valet
eg kan la vere – og hoppar ikkje…

Fakta er noko anna,
då heng eg på undersida, kavar
i opprørt hav
vil halde meg flytande
så lenge det går –
og lengtar tilbake til vippepunktet,
då verda fortsatt var forståeleg
og grunnen ikkje skalv under beina

-

Så var det møtepunktet då,
mellom ideala og fakta –
det eg står på og vippar
i mine draumar,
og det eg no klamrar meg fast til
og nektar sleppe taket
(for då veit eg at alt er over)
eit ankerfeste, eit kors –

1 kommentar: