mandag 25. november 2013

Ei bok om oss



side 20
du vert introdusert
og treff den andre hovudpersonen
som i denne boka
tilfeldigvis
er meg
(kanskje lurar du på
kvifor du er med i akkurat denne boka?)

side 28
eg tek handa di
du smiler

side 35
du kastar ein fullt knuseleg kopp etter meg
i sinne
eg grip den i siste liten

side 36
du smiler til meg
eg smiler tilbake

side 48
eg spør om det er oss
og du seier, ja, det er oss

side 50
det er oss

side 177
det er fortsatt oss

side 286
ikkje så mykje som skjer
litt fleire rollefigurar, berre
du smiler fortsatt til meg
eg smiler tilbake

side 287
du smiler til meg,
eg knyter hendene
og ser strengt på deg

side 288
så smiler vi att

side 316
ja, fortsatt smil –
kjære redaktør, eg veit ikkje…
trur du folk gidd lese dette?
det er kjekt å skrive
men
det skjer ikkje så mykje akkurat

side 320
vi avsluttar boka her
og går over til neste bind,
så får vi sjå kor mange som orkar
henge med


terningkast i Aftenposten:
2
‘sovna på side 36’

teaser bok 2:
fleire smil
fleire koppar som vert kasta
og gripne
i siste liten
og endå fleire smil
og sikkert ei tåre, dørsmelling, strenge blikk
og smil
mange smil…

9 kommentarer:

  1. Ei spesiell oppsummerring av eit samliv! Bra.

    SvarSlett
  2. Someone looks very smart, Wedding?

    SvarSlett
  3. Yes Bill, you're good! Dressed for a friends wedding, some years ago.

    SvarSlett
  4. Google does not translate Norwegian to English very well but your excellent pictures are the same in any language.

    SvarSlett
  5. Thanks! And even more, google doesn't translate poetry very well in general...

    SvarSlett
  6. Stilig og fiffig. Trur eg og mange med meg kunne ha funne det fint å lese, det mellom også. Kvardagar i alle valørar.

    Stilig par :)

    SvarSlett
  7. Jag tycker det låter som en härligt varm och glad bok, sådana behövs!

    SvarSlett
  8. Beautiful photo!
    Greetings from Holland

    SvarSlett