søndag 24. november 2013

Bru over juv

Fototriss: tre bilder frå i sommar. Med baby i hus er ikkje mobilitet og langturar det mest aktuelle, så i år var vi heime nesten heile ferien. Og med to lærar i hus, vil det seie bortimot to månadar til fri disposisjon. Då gjeld det å finne på kjekke ting med dei to som ikkje er fornøgde med å berre ligge på golvet og pludre... Ferie i eige nærmiljø kan vere kjekt, og vi oppdaga ein del interessante stadar i løpet av ferievekene. Blant favorittane er denne brua eit par mil heimefrå. Spennande å gå over elva, og ein fin plass på andre sida der vi kunne sitje og ete jordbær. Gode ferieminner!



1
frå eine sida
til den andre
strekk brua sine armar, legg seg flat
for alle som ynskjer å krysse
det skumle, det farlege,
det som kan rive oss med
i ein dans – og aldri sleppe taket

ei bru vi kan trø
viss vi vågar å tru
at den held




2
to vener som trør
med forsiktige steg, dei
er trygge i lag




3
sjå kor vatnet buldrar
gjennom juvet under oss,
eit dragsug i magen, ei frykt
midt i vissa
om eit golv som held
gjennom alt

12 kommentarer:

  1. Fastnar för mittenbilden - så söt :)
    http://foto.rudenius.se/?p=1580

    SvarSlett
  2. Fina bilder och det ser ut som att ni hade en mycket fin sommar som verkligen är värd att minnas.
    //jonna d

    SvarSlett
  3. Vilken härlig triss! :D Mittenbilden är min favorit.

    SvarSlett
  4. Dette var koselige minner.

    Vivi

    SvarSlett
  5. Minnen av barn är viktiga när vi blir äldre och de har vuxit upp.Så fina bilder
    ha en fin söndag
    kram meta

    SvarSlett
  6. Vilken spännande bro, kan tänka mig att ungarna var skräckblandat förtjusta. Fin triss.

    Ha en bra vecka!

    SvarSlett
  7. Wonderful bridge shots for OWT ~ beautiful ~ thanks, carol, xxx

    SvarSlett
  8. Great series!! Boom & Gary of the Vermilon River.

    SvarSlett
  9. Beautiful shots you took of this covered bridge! I smile at the shot of the two kids hesitating when they come at the screen and see the water beneath them! Thank you for visiting my blog earlier!

    SvarSlett
  10. What a great bridge you can even look though the deck

    SvarSlett
  11. Det är jättefina minnesbilder du visar i din triss.

    SvarSlett