søndag 24. november 2013

Aleine



Berre oss to att,
to lauv aleine i natt –
Kom nærare, ven

3 kommentarer:

  1. Nå har jeg kosa meg her lenge men morgenkaffen, og jeg tenker nå på hvorfor det her er `mørkerommet`...., for så utrolig masse fint her som lysner min dag i alle fall :-)

    SvarSlett
  2. Så flott at du kosar deg inne på bloggen min! Det er kjekt å høyre. Forklaringa på namnet er enkel: Poenget med eit mørkerom er ikkje først og fremst at det ER mørkt, men at ein treng mørket til å få fram dei gode bildene. Eg her ikkje så gamal, men eg rakk å få med meg slutten på den analoge fotograferinga si tidsalder, og har stått nokre timar i mørkerommet og snurra film inn på spolar, framkalla og fiksert. Det er mørkt når ein held på, men ut frå mørkerommet hadde eg av og til med meg bilder eg var svært fornøgd med! Vi treng erfaring frå livet, både mørke og lyse erfaringar, for å kunne setje ord på eigne tankar og kjensler. Nokre av dikta på bloggen her er "født" i mørke netter, med sorg, einsemd, sakn, maktesløyse osv, og andre er skrivne ut frå andre si smerte, slik vi møter den på dagsrevyen, i litteraturen eller i kvardagen.

    Eg las nyleg i ein eller annan samanheng (hugsar ikkje kvar) ei utsegn frå ein forfatter: Ikkje begynn å skrive før du har lese minst 1000 bøker... Sidan den grensa er overskride for lengst, må eg vel seie at mange av dikta også er inspirert av andre sine tankar og opplevingar via bøker eg har lese. Og eg har lese ein del bøker som heilt tydeleg er født i mørket, men som likevel kan seie noko viktig om livet!

    SvarSlett
  3. Eg har også stått på mørkerommet då eg hadde foto på ungd.skulen. Og fram frå mørke kunne ein finne mykje bra og lys.
    Så eg syns bloggnamnet ditt er svært så treffande.

    Igjen takk for eit flott dikt med mykje visdom i.

    :-)

    SvarSlett