tirsdag 22. oktober 2013

Ved breidda av ei elv



Tida er ei elv og
månen lyser gult –
Eg sit på breidda, blar
i mine album – så mange sider,
så mange minner
om ting som no er tapt
for alltid;
Aldri får eg barndomen att
eller ungdomen, gryande forelsking
eller turar hit og turar dit,
for tida er ei elv – og månen lyser gult
og det eg har er her og no –

eg let att mine album,
eg stirrar ut i natta
Så mange ting som enno
ikkje har fått skje –
- der vatn renn, kjem vatn etter
og steinane er slipte, glatte,
merka av dei tinga dei har møtt,

og klare for å møte endå meir

3 kommentarer:

  1. Nice shot of water flowing over rocks

    SvarSlett
  2. Alltid vakre bilete attåt dei fine dikta dine.

    SvarSlett
  3. Når jeg ser på bildet ditt, tenker jeg alltid på hvor vanskelig det er å fange vannet i et fotografi. Ord er også vanskelig å fange i blant. Men jeg tenker at det gjør ingenting at ikke alle ting er så klare...Jeg er en som sjelden tenker tilbake eller framover. Men jeg likte dette!

    SvarSlett