søndag 20. oktober 2013

Tre vegar for mine rosa frø



1
det finst blomar som fyller sin misjon
frå a til å;
veks og blømer i sommarsola
gler hjarta med friske fargar og dufter
som minner om lukke og fridom og
glade barndomsdagar, berrføtt i graset

og som visnar i haustmørket –
berre minnet ligg att som eit svevande frø
i vindar frå aust




2
det finst blomar som aldri får bløme
- aldri feste røtene
eller strekke sine stilkar mot sola

blomar som ingen veit har eksistert
utanom den som håpefullt planta frøet
og vatna med tårer
og venta og venta og venta
og fortsatt ventar –




3
det finst blomar som trassar alt og alle,
blomar som blomstrar
i oktober
nektar gje opp, nektar innsjå sanninga
held hovudet rakt,
ser ein utveg
- sjølv i dei mørkaste tidene 


13 kommentarer:

  1. As I've already written, in turn, is ruled only on photos. They are wonderful.

    SvarSlett
  2. Så vackra bilder av rosen!

    SvarSlett
  3. Som et roseliv - som et menneskeliv. For eksempel.

    SvarSlett
  4. Nydelige roser ! Og vakkert dikt :-) Ha en fin søndag!

    SvarSlett
  5. Takk! Ja, eg likte desse rosene - dei står og blømer i svigermor sin hage!

    SvarSlett
  6. Fin triss med vackra rosa motiv i.

    SvarSlett
  7. Nydelige roser, nesten så jeg kan kjenne duften.

    SvarSlett
  8. Meget smuk blomst og fint digt :-)

    http://mitblogunivers.birgittefrostholm.dk/2013/10/21/mandagstema-97/

    SvarSlett
  9. Flotte bilder og et dikt som kan gjelde både for et blomsterliv og et menneskeliv :)

    SvarSlett
  10. Ja, den var dyp. Og vakre bilder til!

    SvarSlett
  11. Vacker dikt med vackra rosor. Ha en skön tisdag.

    SvarSlett
  12. Nydelig dikt og flotte bilder.

    SvarSlett