lørdag 19. oktober 2013

Tid som går



tankane kvernar rundt
eldgamalt liv –
det levde, det brukte, forsvunne i tidskverna
sin jamne rotasjon
- visarane går, snurrar i si eiga verd
heilt upåverka av våre ynskje eller draumar
vidare, vidare, år for år
heilt til vi vert akselererte av
og berre skuggane står tvilrådde tilbake

4 kommentarer:

  1. Gamle hus får ein til å tenkje over tidlegare tider, og kven som levde der og korleis dei levde.Slikt tenkjer eg meir på no enn før. Det har nok noko med alder å gjera! Fint dikt!

    SvarSlett
  2. Fann bloggen din i dag, tilfeldig, då eg var innom ein annan blogg.
    Synest eg har funne ein skatt, vakre bilete og dikt som kryp inn i hjarte og sinn.
    Skal legge deg til favorittbloggane mine :)

    SvarSlett
  3. Ser det er fleire og fleire som finn deg :-)
    Og vil fylgje deg. Det forstår eg.
    Du får meg uansett tema til å tenkje..

    Alt godt og god søndag!

    SvarSlett