torsdag 31. oktober 2013

Teater



Dette er mitt teater,
det er her eg er sjef
og her kan alle ting skje –

for det første er skogen skråstilt,
så at noko kjem til å falle
er gitt

og trea er rette (her er lite vind)
noko som opnar opp
for fleire moglege scenario;

eg vil for eksempel begynne
med matematikken (ja!)
Eg skal hengje opp gåter
rundt heile skogen,
så får det vere opp til deg
om du vil løyse dei, eller bøye unna

fritt val, altså
eg er ikkje veldig streng slik

Det er heller ikkje umogleg
at det vil dukke opp ein fisk
eller to, symjande mellom trea,
kanskje ein heil stim
for her er det eg som er regissør
og seier eg fisk
så blir det fisk
og det blir det
så fisken dukkar opp, og ser seg måpande rundt
her er så underleg

Til publikums store glede
vil showet vere raskt unnagjort
- sjå på fisken og gå
- løys ei gåte og gå
vidare til neste nivå – tivoli!
(som skildra i eit anna dikt)

og teateret stengjer med fynd og klem
nøyaktig klokka tre
Då er det tid for middag

1 kommentar:

  1. Dette likte jeg.
    Jeg har sans for drama og teater. Spesielt med en så vakker scenografi. Men matematiske gåter bøyer jeg unna. Håper jeg får en billett likevel?

    Fin fredda´ Englepappa.

    SvarSlett