onsdag 16. oktober 2013

Sveve


Det er mange storstilte draumar
ute og går

Draumar om det umoglege,
det som ein kan strekke seg etter
heile livet
utan å nå

Det er så mange store tankar
vidløftige ord - som ære, makt og rikdom

Så mange svevande tankar
utan røter, eller næringstilgong

--

Tanken på dei korte sveva
held meg oppe

Dei som er så korte, at dei nesten ikkje kan merkast
av andre

Det korte sekundet av fridom,
før kroppen igjen vil lande på bakken
og eg må jobbe
for å komme opp på ny

Det korte sekundet
er min draum

3 kommentarer:

  1. Flott illustrasjon til diktet!

    SvarSlett
  2. Om de så er lynkorte og varer kun sekunder, drømmer fint. Og viktige. De kan ingen fjerne.

    SvarSlett