søndag 6. oktober 2013

Saman held vi tida



saman held vi tida oppe – balanserer
på grensa mellom det som har vore
og det som kjem;
midt mellom, ikkje samanklemt
men vaklande og skjørt
- snart vil det gleppe, alt før vi har sett det,
vatnet flyt over kanten
frå ei side til den andre – i rasande tempo

føtene våre vert nesten rivne med
som dominobrikker på rekke ved stupet –

ein for ein dukkar vi opp
ein for ein forsvinn vi i malstraumane

vaklande held vi kvarandre, og tida,
oppe
så lenge det går



(Mitt bidrag til måndagstema hos Alt som er vakkert: Landemerke. Skulpturen på biletet står i Haugesund.)

14 kommentarer:

  1. Vacker skulptur. De är ofta ett landmärke.
    Ha en fin vecka
    Kram Meta

    SvarSlett
  2. Vakker statue, og vakker tekst! Ha en fin kveld .-)

    SvarSlett
  3. Vacker staty och ännu vackrare text!

    SvarSlett
  4. Spennande gripande tekst og vakkert bilete!

    SvarSlett
  5. Så fint bild och text passar ihop. Mycket vacker skulptur.

    SvarSlett
  6. Vilka fantastiskt gripande dikter du skriver, jag har läst tillbaka lite och sitter här helt tagen.
    Ska kika lite mer, längre bak i din blogg.

    SvarSlett
  7. Takk for alle hyggelege kommentarar!

    SvarSlett
  8. Oj oj oj, så dyktig du er med ord, Englepappa. Disse berører. Og skulpturen: er det Marit Bente Norheim som har laget denne?

    SvarSlett
  9. Takk! Eg må vere så ærleg å seie at eg ikkje veit kven som har laga den. Men fin er den!

    SvarSlett