mandag 21. oktober 2013

Så greitt å seie ja




Eit tenkjande trafikklys
som berre ynskjer godt –
for alle –
og blinkar grønt på grønt
på grønt
og smiler – berre køyr!
Vel –

Det er så greitt å seie ja,
gjere alle mann til lags
Seie ja og ja og ja og ja
til kreti, pleti og dei andre,
vere ven, ei støtte gjennom alt,
eit lys som blinkar – berre køyr!

Kven ynskjer vel å vere
eit kløpulver på verdas rygg?
Strø salt i sår, slå bommar opp
og seie nei, nei, nei –
David, du er mannen,
sa Natan, hans profet
- skjønt det hadde vore lettare
å seie – berre køyr!

4 kommentarer:

  1. Great capture, brings across the cold dank autumn

    SvarSlett
  2. Nydelig bilde og ord som får en til å tenke. Nei er sannelig ikke lett å være den som må si nei :)

    SvarSlett
  3. Så fin reflektert...., og et bilde så vakkert!

    SvarSlett