onsdag 9. oktober 2013

Kommunikatørar


vi er kommunikatørar
med elektriske impulsar
som bølgjer over fjella

her sit vi, i kvar vår dal
isolerte til ytterste punkt
berre linjene er strekte - mellom oss

kvar dag går signala
att og fram, frå meg til deg
frå deg til meg

bølgjer og svingar
meldingar av samansett karakter
og tolkinga er vrien å forstå

det er dette som held oss saman
trass alle linjefeil og brestar
er det dette som bind oss til verda -

eit nettverk av kommunikatørar
som tolkar  og sender og tolkar
så godt vi kan

1 kommentar: