fredag 18. oktober 2013

Hjartet i fjorden



enno kviler hjartet i fjorden
stille sus av straumar i årene
ein dag som går mot enden
spelar sine lågmælte tonar over vatnet

enno kjenner eg varmen frå lyset
ei forsiktig berøring mot huda
som ei fjørdrakt, silketynn
eg sit i ein luftkokong

og fjorden kviskrar sine gamle vers
dei same eg høyrde då eg var liten
og verda var ny for meg
men gamal for seg sjølv

sakte gøymer sola seg bak fjella
fjordhjartet bankar, pulserar
all si lengt, all si stille, all si undring
gjennom meg

medan lyset forsvinn, musikken tonar ut
og eg dreg jakka tettare om meg;
så korte dei er, dagane
kor vakre dei er – og enno kviler hjartet i fjorden

3 kommentarer: