lørdag 19. oktober 2013

Hjarte på vegen til Jeriko



du er han eg såg på hjørnet -
eg gjekk forbi
hadde dårleg tid
kunne nok stoppa,
hadde det ikkje vore for…

du er ho som stod aleine
medan dei andre hoppa strikk
sparka fotball
stod i sirklar i skulegarden og lo
- eg snudde meg
vekk

du er han eg såg traske langs vegen
aleine, så einsam og lut
og eg, eg skulle på jobb
på butikken, heim,
eg hadde ikkje tid
- ikkje i dag, ikkje no, ikkje akkurat
seinare heller – du veit; a-planen bular

du er han som sa dei litt galne orda
og dei lo, med vidopne munnar
og eg såg du vart forvirra, flau
litt redd – det var ikkje første gongen
og eg…
…eg let som eg ikkje såg, ikkje høyrde
medan eg humra, litt stille, inni meg

du er ho vi aldri ser
fordi du aldri er der,
du sit heime, på rommet
innestengt i di eiga verd,
så redd for å vise deg fram, stille deg ut,
redd for å dette på nasa – igjen
og eg veit det,
eg høyrer snakket
og går med mitt svarte hjarte
til dei same venene, dei som alltid dukkar opp –

du er han, du er ho, du er alle dei
som har blødande hjarte
av einsemd og knuste draumar
og håp som ligg splintra som glasspel
utover ei verd som er farga i grått

og ropar og undrar –
kor er min samaritan?

2 kommentarer:

  1. I feel that this ponytail girl has to be one photo. Nice photo.

    SvarSlett
  2. Tankevekkende ord. Og hvorfor ser vi ikke, eller rettere sagt ser vi og handler ikke?

    SvarSlett