søndag 6. oktober 2013

Historie


Det er lenge sidan eg forstod

at det som skjer der ute

i verda

samstundes skjer her inne

i hovudet

berre i dobbel styrke

og på eit heilt anna plan;



At der ute rullar historia

som eit navlaust hjul

over prærien,

medan her inne

startar alt lenge før

og er nesten umogleg å stogge



Også etterpå


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar