tirsdag 22. oktober 2013

Eit uvanleg møte

Eg kjenner det rører ved noko djupt i meg når eg les om Kjetil Klungland sitt møte med Kjell Alrich Schumann, mannen som drepte faren hans under NOKAS-ranet i 2004. På biletet ser du Breiavatnet i Stavanger, ikkje langt frå der Arne Sigve Klungeland vart drepen. Og diktet... tek opp noko av mi eiga undring og fascinasjon over dette uvanlege møtet.



eg ser deg stå på trappa
audmjuk, som går du
din eigen overmann i møte –
medan du, du går her frivillig
med eit hjarte som er flekka, ok,
men ikkje skadd, ikkje knust
under vekta av børa

ei bør du fekk å bere,
lagt i hendene – av den andre
han du no vil møte
- mann til mann,
og ikkje noko meir

korleis klarar du sjå
den andre sine auge
utan at ditt eige hjarte styrtar
lik eit brennande fly
i avgrunnen?

korleis klarar du smile
til han som heldt deg vaken
natt etter natt
med sitt simple tjuveri
av gleda, av di trygge hamn?

eg ser ditt trygge ansikt
eg høyrer ordet – tilgje,
og eg veit at det som her veks fram
umogleg kunne spire av seg sjølv –

3 kommentarer:

  1. Nesten umenneskleg på ein måte..
    Men så viktig for å klare å gå vidare i livet tenkjer eg.

    Takk at du igjen formidla det på ein god måte.

    Og du, Gråstein er flott det.. og det er mest av det.
    Akkurat slik som med kvardagar, viktig å sette pris på dei også.

    SvarSlett
  2. Hørte å nyheter i går, og hadde noe samme tanker, virkelig sterkt!! Livet er ikke enkelt, det handler om å forsøke ville forstå :-)

    Nydelig nok en gang! Anneklem.

    SvarSlett
  3. Sterkt dikt! Nyheter griper, og vi er vel ikke helt i stand til å fatte alle lidelsene bak et nyhetsbilde.

    SvarSlett