tirsdag 15. oktober 2013

Eit lys for deg



Eit lys for deg
eg aldri møtte
deg eg aldri fekk halde, aldri fekk
vogge, kose, bere, vakte

Du som gjekk før du kom
Du som teikna ditt liv
på hjarteveggane våre – vår skjulte
skatt

Eit lys for deg
i kveld – som eit lite teikn;
Du vil aldri verte gløymt



(15. oktober er internasjonal minnedag for barn som dør før, under og etter fødsel)

3 kommentarer:

  1. Såre toner som rører meg i hjertet. Lengsel og savn som varer evig.Vet ikke om det lindrer, men sender dere en klem likevel.

    SvarSlett
  2. Vakkert, sårt og nært!

    Takk at du deler!!

    SvarSlett