mandag 28. oktober 2013

Einsemd som lokkar



sakte sig einsemda innover fjellsletta,
sig inn frå tause dalar,
blekkstille vatn og nakne vidder,
kjem rullande som ei tåke, sakte
nesten umerkeleg
til heile eg er omringa av einsemd –

ei stille einsemd
av den gode sorten

ei einsemd av typen ein lengtar etter
på andre, heilt vanlege
oppjaga dagar

ei einsemd ein kan pakke rundt seg
som ei varm og mjuk vinterdyne
og kjenne at det gjer ingenting
om einsemda varer
ei god stund
til

8 kommentarer:

  1. Beautiful photo a gorgeous country you live in ~ happy week to you ~ carol, xx

    SvarSlett
  2. A very scenic place for camping! Love the view! Thanks for sharing your world. Have a happy week!

    SvarSlett
  3. A wonderful place to sit with a book or meditate! Love it!

    SvarSlett
  4. What a great place to camp. I need to check my tent and get going again!

    Cheers - Stewart M - Melbourne

    SvarSlett
  5. Kjenner igjen denne følelsen, særleg frå den tida eg var på sætra, som ung jente. Langt inne i fjellet, utan mobil og bil. Den einaste "moderne" dingsen var bensindriven motor på mjølemaskina!

    SvarSlett
  6. What a spectacular place to spend the night. - Margy

    SvarSlett