torsdag 10. oktober 2013

Den ytste porten


så mange portar eg har gått gjennom
dører som vart opna
og lukka
gjerder eg klipte ned, og sette opp att

så mange stengsel eg braut ned
barrikadar eg forserte

så mange bruer eg har bygd og brent -
no ligg verda open
- er orda eg vil høyre
no ligg verda stengt
bak dører eg har lukka
vegar eg har sprengt
miner eg har gravd og gløymt -

endå skal eg kjempe meg framover
eg kan ikkje anna
enn brette opp ermene 
og gå på

den ytste porten er endå stengt
og bolta med jern
frå innsida

ein dag skal den opnast for meg,
då skal eg gå inn
og aldri sjå meg tilbake


1 kommentar: