torsdag 10. oktober 2013

Chronos & Chairos

1
Historia fortel om to brør,
så ulike som natt og dag;
Den eine hadde orden, og rede på tida
Han ordna det meste,
sorterte og fiksa -
i avtaleboka plotta han inn
den eine hendinga etter den andre

Den andre broren gav
for å seie som det av og til vert sagt
katten
og gjorde nett det han ville, utan tanke på rykte
eller konsekvens
og aller minst på kva som skjedde i går
eller det som skal skje i morgon

Desse to vaks opp i same hus
og korleis dei kom overeins -
det er eit av dei djupe mysterium…

2
Då eg var ung og ny i verda
såg eg på framtida som eit uendeleg hav,
sjanse på sjanse, ein uutforska marknad
for tanke, for arbeid, for kjærleik, for draum
for alt det eg håpa og trudde

Eg lengta etter ansvar, higa etter fridom
ville finne min eigen veg gjennom kosmos,
ein dynamiske veg for alle mine val  –
eg måtte lage den sjølv, gjennom alt det eg gjorde og tenkte

Då eg var ung var det enkelt;
Alt var mogleg
Eg kunne velje og vrake,
for vegen eg gjekk var så kort, og vegen framfor uendeleg lang

I dag ser eg vegen som buktar og snor seg
- min veg
han ligg der, og eg er ikkje sikker –
Vart den heilt slik som den skulle?

Og vegen framfor er langt meir dunkel,
og langt frå så enkel som før

Eg veit dessutan no
at uansett kva val eg tek, uansett kor eg set foten
og kor vegen vil bukte seg og kva svingar eg må forsere,
så står der ved enden ein port
ugjenkalleleg…

3
For ein som meg, som har orden i a-planen
er det ikkje så enkelt med filosofi –
tankane flyt liksom utanfor sine vante baner
og nye stiar dukkar opp

Rett som det er må eg stryke over det eg trudde var eit svar
Og erstatte med eit stort spørsmålsteikn –

Eg kjenner nemleg Chronos aller best
Det var hans veg som vart min veg,
det er vi som er likast – eit felles band
på tvers av tid og rom

eller skal vi heller seie: Langs tid og rom

4
I dag møtte eg Chairos i hagen

Eg sat og studerte dei gule lauva på plenen,
såg på den bøygde strukturen
og dei brune flekkane og den tydelege dekonstruksjonen

Eg leita fram blad eg syntes var fine,
då det gjekk opp for meg:
Alle dei blada eg har leita fram
er blad som nyleg har falt…

Gråsvarte tankar dukka opp som troll i frå hatten,
blant anna den vondaste og vanskelegaste
som handlar om forfall

Forfall…
Slik eit vondt ord, slik eit tydeleg varsel
om død

Like fullt – det er det skiltet som står ved vegen no
Forfall 34
Og eg veit ikkje om det er 34 fram
Eller 34 attende…

-

Akkurat då
I det tanken om forfall hadde etsa seg inn
i mine indre tankestrukturar

dukka Chairos opp,
denne pøbelen av ein sjarmør,
slentrande inn på plenen min
og stilte seg opp med stødige bein
hendene på hoftene og eit skeivt smil
Eitt ord sa han,
eit einaste ord, til meg:
No

Auga strålte som tindrande stjerner
dei fortalte meg alt eg trengte å vite,
for eg forstod kva han meinte med ordet
(Til pessimist å vere, har eg forunderleg god greie på optimisme)

5
Alle arka i a-planen min er no rivne,
dei ligg strøydde på bakken
blant gulnande lauv,
og snart er det borte i vinden

Eg har også rive ned kalenderen frå veggen –
Fortida akseptert,
Framtida førespeila med undring, om enn ikkje tenkt på som sjølvsagt
Og no, No sit eg her
og skriv dette diktet, desse linjene
som djupast sett handlar om hjartet mitt
og kor lett, og samtidig tungt, det faktisk kan vere

For Chronos sit i ein krok og sturar
medan Chairos held opp tastaturet

(korleis kan eg vel gjere dei begge til lags?)

1 kommentar:

  1. Dette er utruleg bra altså, finfint !TAKK.

    Marieklem

    SvarSlett