torsdag 24. oktober 2013

Aleine



ei einaste einsam
sky som siglar
stille som stilla sjølv

sakte siglar skya
i ingenmannsland
til timane tagnar,
der dagane dalar

stemplar sitt smertesymbol;
eit eventyr eller ein einsam epistel
underleg urform – usanseleg uro

alltid aleine –


4 kommentarer:

  1. Herlig, ser ut som en UFO jo!

    SvarSlett
  2. Ja, det var det det gjorde! Den var litt langt unna, så kvaliteten på biletet (teke med kompaktkamera) vart ikkje heilt topp, men fascinasjonen var for stor til å la den passere ufesta til film!

    SvarSlett
  3. Så häftigt och vackert, UFO:t gör hela bilden. Kul när man hittar spännande formationer på himlen.

    SvarSlett
  4. Das sieht ganz nach einem Ufo aus ...

    Liebe Grüße
    Doris

    SvarSlett