søndag 22. september 2013

Sommar farvel



Eg sprang i det spirande graset,
over løvetann, engkarse,
smørblom som soler i graset

Eg sprang gjennom sollys, gjennom
regn mot den solvarme jorda,
gjennom luftlag som silke mot huda

Eg sprang i den lauvrike skogen,
kjente greinene rispe mot huda
I ei mjuk seng av mose la eg meg ned –

Då eg vakna flaut tåka i skogen,
og senga var dekt
av eit gulraudt teppe av blad

Eg gjekk ut mellom sprikande greiner,
så tynne og små, og nakne
dei heldt ikkje lenger på lyset

Der ute var graset brunt, løvetann
flaug vekk under kvite paraplyar
Eg vinka farvel – til siste rest av sommar


(Dagens bilde er frå siste dagen i mai - frå rett før sommaren falda seg ut for fullt. No er sommaren over, men vi får tru at vi får sjå løvetanna att neste sommar. Farvel så lenge! Linka til måndagstema hos Alt som er vakkert: Farvel, sommer)

14 kommentarer:

  1. Flott tekste og herlig bilde.
    Ha en fin kveld.
    Mormor

    http://www.starbear.no/mormor/2013/09/22/farvel-sommer/

    SvarSlett
  2. Det var en fin text över hur det nog känns att vara barn och uppleva sommaren. Bilden är väldigt gullig.

    SvarSlett
  3. Magnificent poem for this pretty picture, delightful colors!

    SvarSlett
  4. Bra skrivit och en härlig bild.
    Ha en fin vecka
    Kram Meta

    SvarSlett
  5. Dejligt billede og ord ;-)


    http://2.104.134.159/wordpress/2013/09/23/mandagstema-93/

    SvarSlett
  6. Riktig sommarkänsla! Tack för kommentar hos mig, jag tittar alltid hos dig, men brukar inte kommentera eftersom du har ordverifiering!

    SvarSlett
  7. Takk for hyggelege kommentarar! Og takk, Ezter, for at du gjorde meg merksam på verifiseringa. Eg likar ikkje slike sjølv, og visste ikkje at eg hadde det. No trur eg at eg har teke det vekk!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jag provar, syns detta är den borta :)

      Slett
  8. En nydelig beskrivelse. Ja, løvetannen lommer sikkert tilbake :-)

    SvarSlett
  9. Pekná jarná fotografia. Dievčatko je tvoje?
    Nice spring picture. The little girl is yours?

    SvarSlett
  10. Yes, it's my daughter! Thank you for visiting and commenting my blog!

    SvarSlett
  11. Så glad jeg er fordi det er lettere å komme inn her!!! Noen ganger gir en nesten opp å gjengi utydelige ord. Nydelig bilde av barnet som springer mot en ny sommer...

    SvarSlett
  12. Stemningsfullt, både bilde og ord! Jeg synes løvetann er vakkert når den blomstrer for fullt i mai/juni!
    Helene

    SvarSlett