torsdag 12. september 2013

Soldatrealisme



Eg har kjempa i hundre tusen krigar
Hundre tusen tapte slag
For menneska
For håpet og gleda og kjærleiken
For land og folk
Og kongar som no ligg i grava

Eg har kjempa med nebb og klør
Eg har kjempa med kanonar og kniv
Eg har kjempa med rakettar og bomber
Eg har kjempa
Eg har kjempa med ord og hat
Eg har … kjempa

Gjennom hundre tusen år har du sett meg
Med blod på kleda
Sundskotne bein
Og utskoren tunge, svartsvidd hår
Hender som ikkje lenger kan … sjå

Eit ansikt utan lys

I hundre tusen krigar har eg kjempa
Hundre tusen tapte slag – kvart einaste eitt
har vi tapt, alle saman;
Eg har aldri møtt nokon sigerherre –
berre knuste draumar
som støv under blanksmurte støvlar

3 kommentarer:

  1. Jeg håper av hele mitt hjerte at du har en forlegger som formidler alle disse kloke og reflekterte ord til resten av verden :-)

    Bilder som beskriver så godt i tillegg, nei dette MÅ imellom to stive vakre permer :-)

    SvarSlett
  2. Helt enig med Anne.
    Og enig med deg: Ingen kriger er seier...

    SvarSlett
  3. Nei, det er ikkje mykje godt som kjem ut av krig. Rein og skjær sløsing med ressursar og menneskeliv. Kunne dei ikkje heller teke seg eit slag sjakk, og spart alt blodet? Men, dessverre er det ikkje så mange av dei med våpen som høyrer på slike naive ynskjer...

    Takk for positive ord! Og kva framtida vil bringe, er det ikkje så godt å seie noko om no...

    SvarSlett