tirsdag 17. september 2013

Perspektiv



I dag kom lyset filtrert,
små lysglimt som sølv, juvelar
som glitrar i dråpar av regn

Sakte rann regnet, dekte blada og borken
Som usynleg, tynnstrekt hud
over lyng og mose

Frå der eg stod, såg eg glitrande gras
Ei lyngtue skinnande rein
Eg stod i eit nyvaska paradis

Djupt under lyngen, gøymt mellom strå,
gjekk mauren med sveitte og stura,
han drog på ein kvist –

eit nytt dekke til tua, til vern imot regnet,
og arbeidet gjekk utan stopp
Eg traska vidare, lukkeleg, glad

naivt uvitande om alle dei strevande føter
som ikkje kan stoppe eller bli distrahert
av litt regn…

2 kommentarer:

  1. Rart kor ting kan sjå ut ved å sjå det frå eit anna perspektiv!

    God natt :-)

    SvarSlett
  2. Så fint beskrevet, Englepappa. Så sanselig. Både bilde og ord. "regn som usynleg, tynnstrekt hud over lyng og mose.." Åh!
    Innimellom har man godt av å bøye knærne litt, for å komme nærmere de små detaljene.

    SvarSlett