søndag 15. september 2013

Nærare



Eg veit ikkje kor vatnet kjem ifrå
Ikkje heilt sikkert
Men eg trur –
Eg veit ikkje kor det skal ende si ferd,
kor bassenget som samlar det heile er
Kor alt saman vert av
Eg trur –
Vasstraumen fører meg nedover
Stadig lenger vekk

Gullstøvet glitrar i månelyset,
dagslyset nærmar seg, eg ser det bak fjella
Som lyskastarlys mot himmelen,
ein boge av strålande safir,
likt det eg kan skimte i vatnet
på gode dagar –
Vasstraumen fører meg vidare
Stadig lenger ned

Sakte glir elvebreiddene forbi,
somme tider tydeleg som mine eigne hender
andre gongar som gjennom tåke,
eller sett gjennom uroleg glas
Greinene rispar over huda mi, set spor
Eg ser eg har reist langt –
Vasstraumen leier meg stadig
Vidare – nedover – vekk

I dag vakna eg til den fjerne lyden
av fossefall, ein straum frå andre dimensjonar,
annleis enn noko eg kjenner –
Eg veit ikkje kva som møter,
ingen kan seie kva eg vil sjå
Men eg trur –
Vasstraumen leier meg nedover
Nærare, nærare… nærare… 

1 kommentar:

  1. Jeg fryser litt på ryggen- men det er mest i frydefull forventning...

    SvarSlett