onsdag 4. september 2013

Nokon stal uskulda



Nokon stal uskulda vår
endå ein gong
stod vi ribba tilbake

Nokon pensla over sola,
vi ser ikkje lenger forskjell
på dag og natt

Nokon låste gleda inne
i eit avstengt bur
ventar på si utfriing

Nokon la føringar for tankane
vi tenkjer om verda,
at den ikkje lenger er slik den var

Nokon førte oss inn bak lyset
til alle tings bakside
der skuggane fell – som redsle

Nokon tok det beste frå oss;
den bankande livsnerven
i kvar einaste menneskekropp

Vi er ein færre enn før
Vi har sett det mørkaste mørke
Vi nektar å la oss knekke

Nokon har slått eit sår
som ikkje kan lækjast,
men arret vil vere eit vitne – for livet


#menneske

Eg vert stadig forundra over korleis vi menneske kan vere mot kvarandre. Kor dårleg vi kan behandle andre, kor kaldblodig ein kan drepe og lemleste i krig, kor kynisk og lite sympatisk vi kan møte kvarandre i kvardagen. Kor enkelt det er å låse seg inne bak ei egodør, og lukke auge, øyre og hjarte for alle som lir. Samtidig: Eg vert også forundra over kor smertefullt det kan vere å sjå andre, heilt ukjente menneske lide. Kor sint eg vert når eg les nyhende frå Syria. Kor vondt det gjer å tenkje på familien og venene til Anja Weløy Aarseth i Ålesund. Å leve i denne dynamikken, mellom hatet og omtanken, er noko som kjenneteiknar oss menneske. Dessverre vil det alltid finnast nokon som let hatet få meir plass enn kjærleiken til livet.

4 kommentarer:

  1. Hei
    Så fint du skriver! Jeg liker tematikken. Og jeg er hjertens enig i det du sier.
    Tusen takk for fin kommentar hos meg.

    Tonje

    SvarSlett
  2. Eg er så enig i det du skriv. Nydeleg og talande dikt. Mange ganger lurer eg på kva som styrer oss menneske til å gjere slike forferdelege ting, både her i vårt land og ikkje minst der det er krig! Du sett ord på det!

    SvarSlett
  3. Sterk lesning Englepappa! Så riktig og gjenkjennelig.
    Klemmer

    SvarSlett
  4. Enig med dei andre.
    Du set verkeleg ord på det!
    Takk!!

    SvarSlett